.

Nyhende

Roy Aron nærmar seg innspurten med soloshowet

27.februar står Roy Aron åleine på scena i Måløy med showet "Etter fjøstid -ein mann tek laust". Sidan i haust har han jobba med solodebuten, og han byrjar så smått å merke nervane.
-Eg har lenge tenkt at "ja,ja det er no enno mange veker att. Dette skal gå bra". Men plutseleg oppdaga eg at mange veker no snart er redusert til fire veker, og eg har snart berre tida og vegen som det heiter. Men sjølv om eg lyt bruke dei komande vekene flittig, så føler eg likevel at eg har brukbar kontroll. Vi hadde ei flott, intens og effektiv helg for litt sidan der alt av filmopptak vart unnagjort, og det trur eg hjelpte på nervane, seier Myklebust.
Ivar Erik saman med filmteamet © Karin Vatne
Ivar Erik saman med filmteamet
Karin Vatne
Frå filmopptaka; Karin Vatne, Ivar Erik og Ole Martin Volle.

"Etter fjøstid" er eit show som kombinerer sceneinnslag med filmsnuttar på storskjerm. Alt er sjølvskrive og karakterane som dukkar opp vil vere ei blanding av "gamle kjente" og nye. I kategorien gamle kjente er mellom andre Kåre Jonny frå Vartdal, Hekla Kari og dugnadsnarkomanen Ivar Erik. Av nye fjes trekkjer han fram "Polkakongen", verprofeten Arnljot Yr Hansen og Bjørn-Odd. Sistnemnde er langrennsløparen og OL-håpet Odd-Bjørn Hjelmeset sin truleg største fan, som følgjer idolet i tjukt og i tynt.

- Jobben no fram mot premieren i Samfunnshallen i Måløy er å pusse på det materialet eg allereie har, samt hoste opp eit par nye nummer. Det skal vere ei overkomleg oppgåve, avsluttar Myklebust.
SPELEPLAN
27/2 Premiere Samfunnshallen, Måløy
6/3 Stryn Kulturhus
13/3 Trivselshagen Sandane
20/3 Bremangerhallen
27/3 Samfunnshallen, Måløy
17/4 Sogndal kulturhus

Bli tilhengjar av "Etter fjøstid" på Facebook
Plakat "Etter fjøstid"
Sjå reportasje Fjordingen
Reportasje, del1 Fjordenes Tidende
Reportasje,del2, Fjordenes Tidende
Framside Fjordenes Tidende
(Sist oppdatert 04.februar 2010, 21:13)

Gå til nyhendearkiv

Generalsponsorar: sponsor 2012 Thor Tenden Transport
Publisering: (dagenDin)
Gaman Underholdning AS | Gate 3 nr 26 | 6700 MÅLØY | Tlf.: 90581478 | post@gaman.no
.