.

Nyhende

Gaman til Malmø

Gaman er no på veg til Malmø. Ikkje for å spele revy, men som forfattarar. I februar vil nemleg det bli sett opp barnemusikal av "Teaterfolket" i den skånske storbyen. Forfattar og komponist finn vi i Gaman sine eigne rekker.
Det er barnemusikalen "A&B detektivane og eventyret med lykkesteinen" som blir ikledd svensk språkdrakt. Eit verk Torstein Tvinnereim har skrive tekst til og Jan Nygård har laga musikken til . _Veldig kjekt at barnemusikalen har funne vegen ut av landet! seier Torstein Tvinnereim til Gaman sine nettsider _Det er ti år sidan vi skreiv musikalen. Den vart då sett opp i Stryn kulturhus. Manuset ligg i ein database til Dramas. Etter oppsetjinga i Stryn har musikalen vore sett opp eit par gongar. Ein gong i bergensområdet og ein gong utanfor Oslo, ikkje betre eg hugsar. At Teaterfolket no har omsett stykket til svensk og er i full gong med innøving, er både spanande og inspirerande, seier Tvinnereim.

Fleire teaterstykker på veg?

_Det vil eg ikkje love. Eg skreiv mitt første stykke for 20 år sidan. Så gjekk det ti år før denne musikalen vart ført i pennen. Eg er nok redd det ikkje kjem noko nytt dette året, sjølv om det er gått ti nye år, smiler Torstein. Men ein kan aldri vite, det kan kanskje bli noko om ti år igjen... Fyrst av alt no må energien brukast på å få på plass grendahusturne, Julebord i Særklasse og Låvenissar. Det er litt arbeid med det og...
(Sist oppdatert 07.oktober 2009, 11:40)

Gå til nyhendearkiv

Generalsponsorar: sponsor 2012 Thor Tenden Transport
Publisering: (dagenDin)
Gaman Underholdning AS | Gate 3 nr 26 | 6700 MÅLØY | Tlf.: 90581478 | post@gaman.no
.