.

Nyhende

Ferdig med årets sommarrevy

Årets sommarrevy er over. Det har vore ein kunstnerisk suksess. Mykje gode tilbakemeldingar frå publikum både i Stryn, Ålesund og Sogndal.
Omlag 3300 mennesker har vore innom teltet i sommar. Ikkje verst, sjølv om vi gjerne skulle hatt fleire. Uansett har dette vore ein positiv oppleving for oss i Gaman. Ikkje minst takka vere eit fantastisk revyband og fabelaktige gjesteartistar.
No går vi i tenkegropa for neste år. Ikkje for at vi ikkje skal på scena før til sommaren. Hausten og vinteren er full av utfordringar og oppdrag.

Om du les dette og har lyst på eit heilt spesielt julebord er det berre å ta kontakt. Vi er alt i gong med å planleggge nye opplevingar med Viggo Wang Visnes og gjengen på Villa Visnes.. Vi tek gjerne med ei uttale frå redaktøren til Fjordingen som var til stades under fjorårets Julebord i særklasse:

"Julebord i særklasse gav meirsmak. Både på underhaldninga og maten. Ramma for det heile var perfekt. Ærverdige Hotel Visnes var som å kome inn på eit Hotell i særklasse. Karane i Gaman gjekk opp i rollene sine på ein glimrande måte og gjorde både ankomsten og middagen til noko heilt anna enn eit vanleg julebord. Einaste minusen var vel at sketsjane kunne vart endå litt lenger…"
Bengt Flaten

Når vi tek med at det andre selskapet som gjorde seg nytte av tilbodet alt har bestilt nytt julebord julebord i særklasse, skulle det berre vere å kaste seg rundt og bestille..

Sommargal smakebit

(Sist oppdatert 26.september 2009, 22:08)

Gå til nyhendearkiv

Generalsponsorar: sponsor 2012 Thor Tenden Transport
Publisering: (dagenDin)
Gaman Underholdning AS | Gate 3 nr 26 | 6700 MÅLØY | Tlf.: 90581478 | post@gaman.no
.