.

Nyhende

Godt førehandssalg til sommarrevyen i Ålesund

Fredag er det klart for sommarrevy i bakgården på Teaterfabrikken, og førehandssalget gir håp om publikumsrekord det tredje året revyen besøker Ålesund.
-Dette likar vi, seier dagleg leiar Roy Aron Myklebust. Vi legg ikkje skjul på at vi har vore spente med tanke på eit heller beskjedent besøk i fjor. Men med auka innsats på marknadsføringsfronten og ikkje minst samarbeid med Matfestivalen, kan det sjå ut som at dette gir resultat. Så dette teiknar bra, seier ein nøgd Myklebust.

Teltet kom allereie på plass i helga som var, og fredag føremiddag samlast artistane for gjennomkøyring før det brakar laust med premiere same kveld.
(Sist oppdatert 18.august 2009, 19:43)

Gå til nyhendearkiv

Generalsponsorar: sponsor 2012 Thor Tenden Transport
Publisering: (dagenDin)
Gaman Underholdning AS | Gate 3 nr 26 | 6700 MÅLØY | Tlf.: 90581478 | post@gaman.no
.