.

Nyhende

Stryn over, Ålesund ventar!

Brød og Sirkus avslutta med eit stappfullt telt laurdag. Opptellinga er ikkje gjort, men rundt 1600 mennesker har så langt fått med seg den SommarGale revyen. No er det berre å planlegge Ålesund for både aktørar og publikum. Kombiner gjerne ein revytur med Jugendfestival fyrste helga (21.-22.aug) eller Matfestival (27.-29.aug).
Om sommarrevytoget i Stryn forlot deg på perrongen er der likevel framleis håp. Vi presenterer dei 3 mest vanlege problemstillingane med tilhøyrande løysing:

Problem: Sirupstreig - rakk ikkje bestille billett før revyane var ferdig for i år.
Løysing: Begynn allereie no å førebu bestilling av billettar til sommarrevyen i ÅLESUND 21.-28.august.

Problem: Regjerande krinsmeister i bestemmingsvegring - umuleg å finne den "perfekte" sommarrevykvelden
Løysing: Den perfekte kvelden finst ikkje -alle kveldar er nemleg like suverene! Bestill billett til ÅLESUND no!

Problem: Likar ikkje sommarrevy.
Løysing: Pass....

Då ønskjer vi altså velkommen til revyteltet, anten det er i Stryn eller Ålesund!

(Sist oppdatert 15.juli 2009, 11:10)

Gå til nyhendearkiv

Generalsponsorar: sponsor 2012 Thor Tenden Transport
Publisering: (dagenDin)
Gaman Underholdning AS | Gate 3 nr 26 | 6700 MÅLØY | Tlf.: 90581478 | post@gaman.no
.