.

Nyhende

Strålande kritikkar og terningkast 5!

Premiera på laurdag hausta strålande kritikkar i både Fjordingen og Sunnmørsposten. Aktørane var også godt nøgde med showet som overkant av 200 i teltet fekk med seg.

Sjå bilder frå Premiera 09

Askeladden, Roar Brekke 09 © Hans HolmøyvikFjordingen skriv mellom anna:
"Dei har greidd det igjen, gjengen bak SommargaleStryn. Revyen «Brød og sirkus» baud pådet meste, med gjesteartist Roar Brekke øvst på menyen. For standup-komikaren Roar Brekke løfter sommarrevyen i Stryn til nye høgder. Han sette standarden frå første steg på scena. Med ein mimikk og eit kroppsspråk som fekk premierepublikum i revyteltet til å gje seg ende over i latter og jubel, var han åleine verd inngangspengane. Mellom anna viste hardingen korleis ein skal innta ein hot dog i tradisjon frå sine heimtrakter. Vel bekomme seier vi til dei som har tenkt seg på revyen seinare"...

"Den andre gjesteartisten, Åste Hunnes Sem, hadde ei fantastisk stemmeprakt å spele på."..

"Vi har ausa ros over gjesteartistane. Kva med «gjengangarane» Tvinnereim, Tvinnereim og Myklebust? Vi kan trygt slå fast at dei held koken. Torstein sitt samspel, ikkje minst med Åste Hunnes Sem og Roar Brekke, viste at han stadig vekk beherskar nye utfordringar. Inge Matias og RoyAron har meir framskotne posisjonar når dei spelar på store, individuelle register."



Gris 2 09 © Hans HolmøyvikSunnmørsposten gjev mellom anna terningkast 5 og fylgjande kritikk:
"Under premieren på Sommargale Stryn – brød og sirkus laurdag, viste Gaman-gjengen igjen at dei har taket på publikum. Her er det mykje å le av. I tillegg til dei vellukka, gamle klassikarane blir publikum også kjend med mange nye, komiske typar."


"Sommargale Stryn karane klarer seg godt på eiga hand, men standup-komikaren Roar Brekke lyftar revyen til nye høgder."

"Svineinfluensa-musikalen Grease er vakkert framført. Her får også songaren Åste Hunnes Sem vist sjarm og stemmeprakt. Vi let oss også imponere av dansen i dette nummeret. Gaman-trioen viser saman med Roar Brekke imponerande koordinasjon og takt."

"Dei som står på scena, er inspirerte og energiske i alt dei gjer. Og når revyen byr på mykje godt å le godt av, er sommarrevyen vel verd å sjå i år også."

(Sist oppdatert 16.juni 2009, 17:03)

Gå til nyhendearkiv

Generalsponsorar: sponsor 2012 Thor Tenden Transport
Publisering: (dagenDin)
Gaman Underholdning AS | Gate 3 nr 26 | 6700 MÅLØY | Tlf.: 90581478 | post@gaman.no
.