.

Nyhende

Samarbeider med Matfestivalen i Ålesund

Denne veka vart det inngått avtale mellom Gaman Underholdning og Matfestivalen, der sommarrevyen skal leggjast inn som ein del av det offisielle programmet under arrangementet.

-Vi er veldig nøgde med eit slikt samarbeid, seier dagleg leiar i Gaman Roy Aron Myklebust. Dei to første åra i Ålesund har vore positive med tanke på tilbakemeldingar og mottaking frå publikum, men vi har ikkje klart å oppnå det billettsalet vi svært gjerne skulle hatt. Vi har difor stor tru på at å vere ein del av Matfestivalen kan gjere oss meir synlege og det igjen kan føre til auka oppslutnad, seier Myklebust. Han presiserer at det framleis er i bakgarden til Teaterfabrikken sommarrevyen vil finne stad.

Konkret vil samarbeidet innebere profilering gjennom Matfestivalen sine annonsar, plakatar og som ein del av det offisielle programmet.

Sjå artikkel i Sunnmørsposten 23.april: Matfestivalen
(Sist oppdatert 23.april 2009, 20:07)

Gå til nyhendearkiv

Generalsponsorar: sponsor 2012 Thor Tenden Transport
Publisering: (dagenDin)
Gaman Underholdning AS | Gate 3 nr 26 | 6700 MÅLØY | Tlf.: 90581478 | post@gaman.no
.