.

Nyhende

EKSTRA låveforestilling

In låve 1.juni!

Etter særs gode kritikkar både frå publikum og i bygdas største avis, har vi no bestemt oss for å sejte opp "In låve" ein gong til. 1.juni kl 1930 (2.pinsedag) er det på ny klart for ein times hyllest til kjærleiken i låven til Birgit og Jens Tonning.
Bernt Ragnvald Veddegjerde, Elise Bødal, Jon Are Steen, Jan Nygård, Torstein -og Inge Matias syter for dei musikalske og verbale innslaga.

I år har vi valt ei litt anna vinkling på programmet. "In låve" seier noko om både staden og innhaldet. Dette er ei hyllest til kjærleiken. Ideelt å ta med seg partneren sin på for å kose seg, mimre og holde kvarandre i handa. Er du gammal nok til å ha kjæreste er du gammal nok til å ha glede av programmet. For gammal er du fyrst når du ikkje lenger trur på kjærleiken. Har du ingen å ta med deg, eller det ikkje passar for den du gjerne skulle hatt med deg; kom likevel! Dette blir ei hyggjeleg stund for alle!

Førestillinga startar klokka 19.30 andre pinsedag.
(Sist oppdatert 22.mai 2009, 23:02)

Gå til nyhendearkiv

Generalsponsorar: sponsor 2012 Thor Tenden Transport
Publisering: (dagenDin)
Gaman Underholdning AS | Gate 3 nr 26 | 6700 MÅLØY | Tlf.: 90581478 | post@gaman.no
.