.

Nyhende

Sjå kven som er årets gjesteartistar

Omsider kan årets artistar til sommarrevyen presenterast. Og uttrykket ”seint men godt” er absolutt på sin plass her. For til den etter kvart så meritterte lista over gjesteartistar har ein også til denne sommaren klart å skaffe to svært spennande namn.
Roar Brekke skal stå for det humoristiske bidraget. Han kjem frå Odda, bur i Bergen og lever av sine krumspring som humorist og stand up artist. Han turnerer for tida med sitt eige show, Kroppsøving, og tittelen på showet har då også tette band til Brekke sitt varemerke som artist. Kroppsspråk, mimikk og fysisk humor spelar ei viktig rolle i det han føretek seg på scena, og publikum kan glede seg til mange godbitar frå oddingen som har vore heiltidskomikar dei siste sju åra.

Roar Brekke

-Eg såg Roar Brekke då han besøkte Måløy med showet Kroppsøving i vinter. Med vissa om at vi mangla ein gjesteartist tenkte eg at dette var rette mannen til sommarrevyen, fortel dagleg leiar i Gaman Roy Aron Myklebust.
- Eg hadde særleg sans for måten han kombinerte verbal humor med fantastisk mimikk og fakter. Han representerer noko anna enn det vi sjølve utøvar, og eg er trygg på at Roar vil bli godt motteken hos sommarrevypublikummet.
Også på allsongen er karane godt nøgde med sommarens bidragsytar. Dei som følgde Idol for eit par år tilbake hugsar kanskje Åste Hunnes Sem. Ho utmerka seg med ei fantastisk stemmeprakt og med kvalitetar som kan samanliknast med vår eiga Jorun Erdal. Åste tok seg heilt til finalen i Idol 2007 og innkasserte ein sterk fjerdeplass der. Den talentfulle jenta frå Heddal har elles jobba som korist for Mira Craig.

Åste H.Sem

-Åste vil vere eit viktig bidrag på fleire måtar. Sjølvsagt som ein dyktig songar og god makker for Inge Matias på allsongen, men også ved at vi får ei kvinne med på laget, seier Roy Aron. Det er positivt for showet at begge kjønn er representert, og Åste verkar som ei trivleg jente som vi gledar oss til å jobbe med.
Sommarrevyen har premiere i teltet ved Stryn Hotel laurdag 13.juni og vert spela sju gongar der før ein lengre pause og revygjengen flyttar seg til Ålesund i slutten av august og til Sogndal i september. Totalt 16 førestillingar står på programmet med den sjuande utgåva av sommarrevyen.
(Sist oppdatert 02.april 2009, 10:31)

Gå til nyhendearkiv

Generalsponsorar: sponsor 2012 Thor Tenden Transport
Publisering: (dagenDin)
Gaman Underholdning AS | Gate 3 nr 26 | 6700 MÅLØY | Tlf.: 90581478 | post@gaman.no
.