.

Nyhende

Generalsponsorane klare i Stryn!

Framleis kan di bedrift markedsføre seg gjennom humor

Sponsorarbeidet har vore i gong ei stund i forhold til sommarrevyen. For oss er dette heilt naudsynt for å få økonomi i arrangementet. Det er difor ei glede å kunne presentere våre fire generalsponsorar til Sommargale Stryn. Dei fire er i alfabetisk rekkjefylgje: Sparebanken Sogn og Fjordane, Stihl, Stryn Næringshage og Thor Tenden Transport.
Gaman har tre ulike sponsorpakkar i samband med sommarrevyane. Generalsponsor, Hovudsponsor og Støttespelar. Sjølv om vi no har fylt opp kvota for Generalsponsorar i Stryn, er det framleis mogleg å vere med som generalsponsor både i Ålesund og Sogndal. Dei øvrige sponsorpakkane er det også mogleg å vere med på alle tre spelestadar!

Våre fire Generalsponsorar i Stryn har vore med oss gjennom fleire år. Stryn Næringshage har faktisk vore med heilt frå oppstarten, medan Thor Tenden Transport har vore ein viktig samarbeidspartner dei siste fem åra. Ekstra gledleg er det i år at Sparebanken Sogn og Fjordane har gått inn ei avtale med oss som omhandlar ei større del av vår underhaldningsverksemd. Stihl var med oss fyrste gong i fjor som Generalsponsor i Ålesund og Sogndal. I år var det Stryn som stod for tur.

Vi oppmodar alle våre lesarar om å klikke seg inn på sidene som er linka her i frå til våre Generalsponsorar!
(Sist oppdatert 18.mars 2009, 22:09)

Gå til nyhendearkiv

Generalsponsorar: sponsor 2012 Thor Tenden Transport
Publisering: (dagenDin)
Gaman Underholdning AS | Gate 3 nr 26 | 6700 MÅLØY | Tlf.: 90581478 | post@gaman.no
.