.

Nyhende

Gaman ordna GP-Alexander til Måløydagane

Gaman er i år leigd inn som teknisk arrangør for dei årvisse Måløydagane siste helga i juni.
Og det store høgdepunktet vert utvilsamt GP yndlingen Alexander Rybak. Han var booka til arrangementet allereie før Grand Prix tok til.
Alexander Rybak-Vi gambla rett og slett litt på at Alexander skulle få suksess i Melodi Grand Prix, seier Torstein Tvinnereim. At vi gjorde ein avtale før suksessen var eit faktum, trur eg nok sparte oss for ein del pengar. For marknadsverdien steig nok betraktleg i helga, seier han.

Alexander skal på scena søndag ettermiddag 28.juni under Måløydagane -så då er det berre for innfjordingar og andre å setje kursen mot Måløy.
-Er vi heldige så har Alexander også vunne den internasjonale finalen når han kjem til Måløy -og det ville jo vore heilt rått avsluttar Tvinnereim.
(Sist oppdatert 24.februar 2009, 12:33)

Gå til nyhendearkiv

Generalsponsorar: sponsor 2012 Thor Tenden Transport
Publisering: (dagenDin)
Gaman Underholdning AS | Gate 3 nr 26 | 6700 MÅLØY | Tlf.: 90581478 | post@gaman.no
.