.

Nyhende

Avsluttar på heimebane

Etter ein lang revysesong med sommarrevy og ein hektisk revyhaust avsluttar Gaman året med revy på heimebane i Rand Grenadhus 4. Juledag.
Alle tre i hulter til bulter © Kåre Tonning

Revy på grendahuset
Program på 4.dagsfesten i Randabygda har vore ein tradisjon i alle år. I frå 12-13 års alderen slapp Torstein, Roy Aron og Inge Matias til på scena. – Vi såg voldsamt opp til dei som verkeleg var gode på scena, slik som Per Kjell Aaland, Hans Rand, Håvar Hopland og Bjørg Rand, for å nemne nokre blant mange. Det var utruleg moro og inspirerande å få spele saman med desse, og utan det gode miljøet for revy og skodespel i bygda, hadde vi neppe drive med underhaldning i slikt omfang som vi gjer i dag, seier Inge Matias.

Fjerde juledag kliv dei tre karane i Gaman nok ein gong på scena i Rand Grendahus. – Dei var i beit for program, og hadde ikkje fleire å spørje, flirer Inge Matias. Publikum kan vente seg ein variert revymeny. - Vi fekk spørsmålet dinje veka, så tida vart knapp. Heldigvis har vi ei god skuff å plukke i frå. Vi kjem til å plukke fram litt halvgamle revynummer og krydre kvelden med nokre heilt ferske nummer. Det er jo so populært med slike Best Of samlinga no i jula, så det skulle vel passe bra, avsluttar Tvinnereim.
(Sist oppdatert 22.desember 2008, 10:40)

Gå til nyhendearkiv

Generalsponsorar: sponsor 2012 Thor Tenden Transport
Publisering: (dagenDin)
Gaman Underholdning AS | Gate 3 nr 26 | 6700 MÅLØY | Tlf.: 90581478 | post@gaman.no
.