.

Nyhende

Særklasse over julebordet!

Julebord i særklasse levde opp til namnet sitt. At det fall ein liten meter med snø premieredagen, gjorde ikkje at julesteminga vart dårlegare! Folk var storleg nøgde med både mat og underhaldning, og tilbakemeldingane har vore særs gode.
Folk som kom nedsnøa vart møtte av ein snømåkande vaktmeister før dei fekk handhelse på hotelldirektør Viggo Wang Visnes. Etter det gjekk det slag i slag med mat og underhaldning i tre timar, før ein fekk danse seg ulyste med "Tres Amigos". Jon Are Steen og Terje Raudi utgjorde to av dei tre, medan Inge Matias inntok vokalistplassen i bandet.

Denne gong var det Fjordingen og Utdanningsforbundet som var nøgde gjester. På sjølvaste Luciakvelden er det ein flott bukett med tømrarar som får gjeste det fasjonable hotell.

Stor takk til Kristin for strålande tilrettelegging frå hotellet si side!

(Sist oppdatert 25.november 2008, 00:01)

Gå til nyhendearkiv

Generalsponsorar: sponsor 2012 Thor Tenden Transport
Publisering: (dagenDin)
Gaman Underholdning AS | Gate 3 nr 26 | 6700 MÅLØY | Tlf.: 90581478 | post@gaman.no
.