.

Nyhende

Brennsnut i Særklasse

I høve Kulturnatta 14.november inviterar vi til Brennsnut i Særklasse på Villa Visnes. Gaman har no lagt Middag i Særklasse under sitt underhaldningssortiment, og Brennsnut i Særklasse er den store premiera på dette konseptet. Seinare i haust vert det fleire Julebord i Særklasse. Påmelding itil Brennsnutaften innan torsdag 13.nov.

Alle tre i hulter til bulter © Kåre Tonning- I ærverdige Villa Visnes byr vi på eit måltid litt utanom det vanlege. Så sant påmeldinga er bra opnar vi dørene for eit nysgjerrig publikum kl 21.00 den 14.november, seier dagleg leiar i Gaman Inge Matias Tvinnereim.

Gaman legg opp til ein heilaften i reine Fawlty Towers stil. Her vil gjester møte "tilsette" i ulike roller på Villa Visnes. Underhaldninga startar frå publikum set foten innom døra og underhaldninga held fram under bordsetet. I tillegg byr Gaman på eigne underhaldningsbolkar i meir kjent revystil. Publikum vil blant andre møte den eksentriske hotelleigaren Viggo Wang Visnes, trubaduren Oscar Hall, Lillian Lepsøy, vaktmeister Gunvald Hagen og andre personlegdomar på Villa Visnes .

Etter ein god og varm Brennsnutmiddag med dessert kan gjester slappe av og la drøsen gå i koselege og historiske omgjevnader utover dei seine nattetimar.

For bestilling eller meir informasjon ta kontakt med Inge Matias Tvinnereim på 917 66 044 eller post@gaman.no innan 13. november.


(Sist oppdatert 07.november 2008, 16:55)

Gå til nyhendearkiv

Generalsponsorar: sponsor 2012 Thor Tenden Transport
Publisering: (dagenDin)
Gaman Underholdning AS | Gate 3 nr 26 | 6700 MÅLØY | Tlf.: 90581478 | post@gaman.no
.