.

Nyhende

”Årane inn att” for Fylkesrevyen

Tre dagar etter at påmeldingsfristen til Fylkesrevyen er ute, må ein skuffa arrangør innsjå at responsen vart i minste laget til at prosjektet kan gjennomførast som planlagt.



-Vi sit vel no med den kjensla ein får når ein er på basar, har lagt mykje pengar i åresalet og er store optimistar med tanke på eigne vinnarsjansar, men lyt skuffa innsjå at det ikkje vart nokre gevinstar likevel, seier Roy Aron Myklebust i Gaman. Han har vore prosjektleiar for Fylkesrevyen og brukt mykje tid siste månadane på å planleggje og organisere det som skulle bli ei skikkeleg storsatsing innan revy i fylket. Profesjonelle instruktørar var på plass, hotellavtale var ordna for øvingshelgane og arbeidet med sponsorar var godt i gang.

-Men vi har på ein måte ikkje lov til å vere skuffa heller. Vi gjorde eit ærleg forsøk og mange med oss meinte at dette var eit godt tiltak som fortente betre oppslutning. Men når responsen frå ”grasrota” ikkje vart som venta, så må ein berre godta at dette ikkje var interessant nok. Det skal også seiast, at nokre av dei vi har vore i kontakt med har applaudert satsinga, men på grunn av øving av eigne oppsetjingar har dei rett og slett ikkje funne tid til dette, seier Myklebust.

Ei av dei som derimot hadde meldt seg på og som hadde sett fram til deltaking i Fylkesrevyen var Helena Bremer – Som revyentusiast syns eg det er skikkeleg trist at dette gjekk i vasken. ”Endeleg” tenkte eg, skal Sogn og Fjordane få vise sine kreative sprell via ei felles revyscene. Eg var veldig gira med tanke på å få jobbe med eit solid og proft team. Og eg veit initiativtakarane har jobba hardt for å få dette til, seier Bremer.

Gaman vert derimot ikkje arbeidsledige sjølv om den planlagde Fylkesrevyen no må avlysast. Dei er i gong med planlegginga av sitt første kulturhusshow, og ser føre seg at dei no kan bruke meir tid på dette saman med andre prosjekt dei syslar med.
-Vi har mange ballar i lufta og sjølv om vi frå tid til annan mister ein så kjem det heile tida til nye, avsluttar Myklebust.



(Sist oppdatert 14.oktober 2008, 13:58)

Gå til nyhendearkiv

Generalsponsorar: sponsor 2012 Thor Tenden Transport
Publisering: (dagenDin)
Gaman Underholdning AS | Gate 3 nr 26 | 6700 MÅLØY | Tlf.: 90581478 | post@gaman.no
.