.

Nyhende

Fylkesrevyen 2009

jaktar glansnummer frå fylket

Sogn og Fjordane er revyfylket med stor R. Det finst nesten ikkje ei bygd eller ein tettstad utan at der også er ein lokalrevy. Gaman skal no ta tak i det mangfaldet som finst i Sogn og Fjordane og lage ei oppsetjing som presenterer ”det beste av det beste” frå revyscena i fylket anno 2009!
I desse dagar går vi breitt ut og oppfordrar alle revyentusiastar om å ta med glansnummera frå sine lokalrevyar og stille på audition på Skei Hotel i Jølster i midten av oktober. Der er tanken å sile ut dei beste revynummera som skal få vere med og turnere Sogn og Fjordane på etterjulsvinteren.

 © Anita Karin Myklebust

-Vi håpar sjølvsagt på god påmelding til dette uttaket, og som revyartist sjølv så kan eg ikkje skjøne anna enn at dette må vere spennande å prøve seg på, seier Roy Aron Myklebust som er prosjektleiar for Fylkesrevyen. –Det vert mykje moro og inspirerande jobbing med dyktige fagfolk for dei som blir plukka ut, lovar Myklebust.

Profesjonelt apparat
For dei utvalde aktørane skal fram mot premieren i januar gjennom intensive øvingshelgar med profesjonelle instruktørar. Her skal ein finpusse og samkøyre innslaga til ei heilskapleg revyframsyning. Tidlegare skodespelar ved Sogn og Fjordane Teater, Arild Bøe, er henta inn på regi. Even Lynne, som er dagleg leiar for skodespelarlinja ved Kunsthøgskolen i Oslo(tidlegare Norges Teaterhøgskole), vert med som instruktør på nokre av samlingane. Ein siste person vil bli henta inn for å drille aktørane på koreografi. Samlingane, samt premieren, vil finne stad på Skei Hotel i Jølster. Dei vert ein viktig samarbeidspart i arbeidet med Fylkesrevyen. SFE( Sogn og Fjordane Energi) er ein annan næringslivsaktør som har latt seg begeistre av ideen:
-SFE ynskjer å støtte om gode tiltak rundt omkring i Sogn og Fjordane. Revy er noko som både er samlande for dei som aktivt er med og skaper trivsel i by og bygder kring om i fylket, seier Brigt Samdal som er marknadssjef i SFE.

Håpar på ringverknader
Eit viktig mål med Fylkesrevyen er å gjere dei ulike revymiljøa betre kjente med kvarandre og synleggjere for publikum kva som rører seg på revyfronten i fylket. At dei utvalde aktørane får jobbe med profesjonelle instruktørar, trur vi vil fungere motiverande og gi nyttig kunnskap som aktørane kan ta med attende til sine revygrupper. Såleis håpar vi at Fylkesrevyen kan ha ringverknader i tillegg til at den skal vere ei morosam oppleving for både aktørar og publikum.

-Vi gledar oss til å kome skikkeleg i gang og tilbakemeldingane har så langt vore veldig positive, avsluttar Myklebust.

(Sist oppdatert 01.oktober 2008, 10:25)

Gå til nyhendearkiv

Generalsponsorar: sponsor 2012 Thor Tenden Transport
Publisering: (dagenDin)
Gaman Underholdning AS | Gate 3 nr 26 | 6700 MÅLØY | Tlf.: 90581478 | post@gaman.no
.