.

Nyhende

Nye prisar til Gaman!!

Gaman har frå før vunne for beste tekst, beste sketsj og beste framføring under revyfestivalen på Fitjar, eller Vestlandsmeisterskapen i revy. Denne gongen var turen komen til pris for beste song. Songen om Ikea vart nominert til heile 4 ulike prisar!


Inge Matias framførte songen, skriven av Torstein Tvinnereim, med korhjelp av Petter Aagaard og Ole Bergesen. Ikea gjorde suksess og vart nominert i tilleggg til beste song, i klassene beste tekst, juriens fripris, og publikumsprisen. To av desse prisane var Gaman likevel sterkt delaktige i. "Nokassaka" vann publikumsprisen og juriens fripris. Dei same tre pluss Henning Wickmann stod for framføringa av dette nummeret som mange nok hugsar frå sommarevyen.

Ein sterk prestasjon i konkurranse med 50 revynummer frå 33 ulike revygrupper frå Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane!


Prisvinnarar Berre galskap 08 © Siv Stamnes



(Sist oppdatert 22.september 2008, 10:30)

Gå til nyhendearkiv

Generalsponsorar: sponsor 2012 Thor Tenden Transport
Publisering: (dagenDin)
Gaman Underholdning AS | Gate 3 nr 26 | 6700 MÅLØY | Tlf.: 90581478 | post@gaman.no
.