.

Nyhende

Sommarrevyen over - takk til alle!

Søndag pakka Gaman ned teltet i Sogndal etter 19 førestillingar i Stryn, Ålesund og Sogndal. Strålande kritikkar, høg stemning og mykje lovord, har gjort årets turne til ei knakande kjekk reise. No er det nye utfordringar for gutane i Gaman.
Det har vore travelt, men moro oppsummerer dagleg leiar Inge Matias Tvinnereim. Rundt 3500 ha sett showet i sommar. Dette er flotte tal, sjølv om vi alltid håpar på meir. Ei stor takk til alle som har stått på for at vi har fått til det her. Musikarane har gjort ein fantastisk jobb. Odd Inge, Håvar, Jon Are og Åge utgjer eit band i superklasse! Arild Bøe gjorde ein utruleg flott jobb på regisida. Gjesteartistane våre, Petter Aagaard, Linda Mahala Mathiassen, Ole Bergesen og Geir Inge Heggestad har innfridd 100%. Kjell Henning har gjett oss prima lyd og Camilla Torp leverer proff sminkejobb. Riggegjengen vår med Edvin Rand i spissen har gjort ein kjempejobb. Dette har gjort at sommaren har gått smertefritt. Takk til Stryn Hotel, Quality Sogndal Hotel og Teaterfabrikken for godt samarbeid. Ei stor takk også til alle våre sponsorar. Utan sponsorane hadde det ikkje vore mogleg å få dette til å gå rundt økonomisk. Viktigast av alt: Ei stor takk til familie som har vore tolmodig med alle dei involverte! Dei som må vere heime og holde barikadane er dei viktigaste av alle!

Sist men ikkje minst: Takk til dei 3500 som fann vegen til teltet i sommar. Håpar de kjem igjen også neste år!


(Sist oppdatert 11.september 2008, 22:15)

Gå til nyhendearkiv

Generalsponsorar: sponsor 2012 Thor Tenden Transport
Publisering: (dagenDin)
Gaman Underholdning AS | Gate 3 nr 26 | 6700 MÅLØY | Tlf.: 90581478 | post@gaman.no
.