.

Nyhende

Klare til premiere i Sogndal

Tysdag morning set dei første i revygjengen kursen mot Sogndal og på fredag er det klart for premiere. Utsolgt siste førestilling.

Tysdag set Inge Matias, teltriggar Edvin Rand og lydmann Kjell Henning Holko kursen mot Sogndal for å starte rigging av telt og utstyr. - Vi treng ca to og ein halv dag for å rigge alt utsyret. Vi har med 2 fulle lastebilar med utstyr, så det er reine sirkuset flirer Inge Matias.

Nye aktørar
I Sogndal blir det to nye aktørar med på laget, og såleis vert det litt anna førestilling enn i Stryn og Sogndal. Ole Bergesen og Geir Inge Heggestad kjem inn og erstattar Linda og Roy Aron i Sogndal. Eigentleg skulle også Rasmus Mo vere med i Sogndal, men pga av sjukdom måtte han dessverre kaste inn handkleet.
- Linda og Roy har gjort ein kjempejobb i Stryn og Ålesund og har vore viktige bærebjelkar i revyen. Roy Aron har nett blitt far, og ynskte eit par helgar saman med dottera si og resten av familien, og Linda skal til med nye førestillingar i Stavanger. Ole og Geir Inge hadde stor suksess i Sogndal i fjor, og vil garantert gjere ein god jobb også i år, så eg er ikkje så veldig redd for showet i Sogndal. På papiret ser det i alle fall veldig bra ut, så då er det berre opp til oss og få ut potensialet, fortel Inge Matias

Utsolgt førestilling
Billettsalet i Sogndal er veldig bra, og allereie no er siste førestilling utsolgt. - Vi er veldig godt fornøgde med billettsalet i Sogndal så langt. Normalt sett er det først siste par dagane det er bevegelse, men no har vi allereie selt ut siste førestilling og på dei andre datoane er det også god bevegelse, så dette ser veldig bra ut avsluttar Inge Matias

Ole Bergesen er klar for Sogndal

Ferjebillettøren 03 © Bengt Flaten



(Sist oppdatert 25.august 2008, 13:35)

Gå til nyhendearkiv

Generalsponsorar: sponsor 2012 Thor Tenden Transport
Publisering: (dagenDin)
Gaman Underholdning AS | Gate 3 nr 26 | 6700 MÅLØY | Tlf.: 90581478 | post@gaman.no
.