.

Nyhende

Kanonavluttning i Ålesund

Med eit entusiastisk revypublikum i revyteltet vart det ei kjempaavslutning på årets sommarrevy i Ålesund.
Seks førestillingar fordelt på tre helgar i Ålesund er over for i år. Eit fantastisk revypublikum sytte for elektrisk stemning i teltet då revygjengen takka for seg på Teaterfabrikken i Ålesund for denne gang. - Vi har hatt 3 veldig kjekke helgar i Ålesund. Vertskapet på Teaterfabrikken er fantastiske å jobbe med og publikum i Ålesund er eineståande, seier Inge Matias Tvinnereim. - I tillegg har vi hatt med oss glimrande aktørar i Petter, Linda og bandet vårt. Aktørane og Teaterfabrikken fortenar ein stor takk.

Etter tre helgar i Ålesund set revygjengen no kursen mot Sogndal, der 4 førestillingar står for tur. - Vi gler oss veldig til å kome til Sogndal. Billettsalet er veldig bra og det skal bli spanande med to nye aktørar på laget i Ole Bergesen og Geir Inge Heggestad.


Aktører Stryn 2008
(Sist oppdatert 25.august 2008, 12:51)

Gå til nyhendearkiv

Generalsponsorar: sponsor 2012 Thor Tenden Transport
Publisering: (dagenDin)
Gaman Underholdning AS | Gate 3 nr 26 | 6700 MÅLØY | Tlf.: 90581478 | post@gaman.no
.