.

Nyhende

Vellukka Støylskabaret

Nærmare 150 personar fekk med seg Støylskabareten på Randastøylen søndag. Sjølvskrivne og meir kjende tekstar tilpassa støylslivet fekk vakkert tonefølgje av blant andre Lise Mari Sætre og Jon Are Steen. Etter konserten diska budeia sjølv Klara Tvinnereim opp med rømegraut, rømeask, kaker og kaffi.

Eit strålande ver gav konserten og støylsdagen ei perfekt ramme. Kjærleiken til støylslivet var tema i kabareten som hadde funne vegen gjennom Torstein Tvinnereim sin penn. Torstein sydde saman kabareten med mange sjølvskrivne dikt, sangar og humoristiske betraktningar. Innimellom dei sjølvskrivne tekstane fann aktørane også plass til kjende og for anledninga passande viser som Astrid mi Astrid, Om kvelden, Balladen om Fredick Åkare og We`ll meet again.

(meir tekst under biletet)

Støylskabaret © Lillian Heimlid


-Eit orkester åleine
Jon Are Steen er i lokalmiljøet kjend for å ha gitaren i si makt. Noko som kommentarar frå publikum etter konserten kunne skrive under på - Han er jo eit heilt orkester åleine, kom det frå ein nøygd publikummar. Også Lise Mari si vakre stemme fekk stor åtgaum frå publikum. Ho vil ein garantert få høyre meir til framover.

Populær graut
I frå tidleg morgonkvist hadde Klara Tvinnereim stått med vedaovnen i hytta si og koka rømegraut. Nærmare 80 liter med graut gjekk unna på støylskvia. - Eg var byrja å bli heite på magen på slutten, men elles gjekk det fint. Med strålande solskin ute, så er det forståleg at Klara syntest det var litt varmt å stå att med vedovnen i 7 timar å koke graut. Belønninga får vere at grauten fekk bein å gå på og fall i god smak.

-Opp til mor
Tvinnereim brødrene Torstein og Inge Matias som stod bak arrangementet for Gaman denne gang håpar å gjennta arrangementet også til neste år. -Det er veldig triveleg å kunne by publikum på eit slikt arrangement, og med så mange gode tilbakemeldingar så freistar det til gjenntaking neste år, men det må nesten vere opp til mor. Rømegrauten er halve opplevinga for publikum, og vi kan ikkje akkurat kreve at mor skal stå å koke ein heile dag. Om ho har lyst, skal vi hine stille på, avsluttar Torstein.

(Sist oppdatert 19.august 2008, 11:57)

Gå til nyhendearkiv

Generalsponsorar: sponsor 2012 Thor Tenden Transport
Publisering: (dagenDin)
Gaman Underholdning AS | Gate 3 nr 26 | 6700 MÅLØY | Tlf.: 90581478 | post@gaman.no
.