.

Nyhende

Sunnmøringar -eit fantastisk publikum

Det seier Roy Aron Myklebust etter endå ei revyhelg i Ålesund. -Vi storkosar oss kvar gong vi står på scena i teltet ved Teaterfabrikken. Folk er så veldig med på det vi formidlar frå scena, og vi merkar med ein gong at her er folk komne for å la seg more med revy, seier Myklebust.
Han og resten av aktørane har no gjennomført til saman 13 førestillingar med showet "Fryd & gaman". 9 førestillingar i Stryn og 4 så langt i Ålesund. Og Myklebust legg ikkje skjul på at publikum kan variere frå førestilling til førestilling - Stort sett så har vi vore heldige og publikum har teke i mot oss med åpne armar, både i Stryn og Ålesund. Men det er ikkje tvil om at einskilde kveldar er betre enn andre, og i Ålesund har vi berre hatt gode kveldar. Då er det også lettare for oss å gi det lille ekstra som hevar førestillinga, seier Myklebust.

Han kunne derimot tenkt seg endå litt fleire i teltet av desse muntre sunnmøringane -Ja, vi har enno til gode å fylle teltet i Ålesund, så det håpar eg kan skje no i avslutningshelga. Det hadde vore kanon, avsluttar Myklebust.

Siste førestillingane finn stad komande helg, fredag 22. og laurdag 23. august, kl 21.00.
(Sist oppdatert 18.august 2008, 11:00)

Gå til nyhendearkiv

Generalsponsorar: sponsor 2012 Thor Tenden Transport
Publisering: (dagenDin)
Gaman Underholdning AS | Gate 3 nr 26 | 6700 MÅLØY | Tlf.: 90581478 | post@gaman.no
.