.

Nyhende

Støylskabaret på Randastøylen

Søndag inviterer på ny budeia på Randastøylen, Klara Tvinnereim, til støylsdag. Klara starta som budeie tolv år gammal i 1952. 56 år seinare mjølkar Klara framleis kyrene på støylen. Rømegrauten du kan få kjøpt søndag har ho koka på vedovnen i selet og rømeasken har stått i hyllene og godgjort seg sidan fredag. Menyen består likevel ikkje berre av mat. Jon Are Steen, Lise Mari Sætre, Torstein og Inge Matias Tvinnereim byr og på støylskabaret.
Støylskabareten er sett saman av kjende og kjære melodiar, ein del spesialskrivne songar, dikt og litt humor. Alt skulle ligge til rett for ei triveleg stund på Randastøylen.

Skulle det bli dårleg veir vil det bli sett opp stortelt på kvia slik at folk får sitje under tak.

Vi vil oppfordre dei som kan om å gå eit stykke. Det er parkeringsplassar ved støylsbrua. Frå den og opp til støylen er det ein kilometer å gå. Det er også ein fin tur å gå i frå Tvinnereimslettene, over Tua og ned på sætra eller frå Ålandsleitet eller Rand.

For dei som ikkje er så spreke til beins er det bra med parkeringsplassar 200 meter nedanfor støylen. Skulle nokon trenge skyss heilt opp på kvia, oppfordrar vi om at desse tek kontakt med Inge Matias eller Torstein så ordnar vi dette!

Velkomne til ein fln støylsdag!

Bill: kr 130,-
Støylskabareten startar kl 1600

(Sist oppdatert 11.august 2008, 10:16)

Gå til nyhendearkiv

Generalsponsorar: sponsor 2012 Thor Tenden Transport
Publisering: (dagenDin)
Gaman Underholdning AS | Gate 3 nr 26 | 6700 MÅLØY | Tlf.: 90581478 | post@gaman.no
.