.

Nyhende

Sunnmørsposten gav terningkast 5

Mange lovord vanka etter ålesundpremieren på sommarshowet "Sommargale i Ålesund" fredag kveld.
Både publikum og presse let seg begeistre, og Sunnmørsposten var ikkje snauare enn at dei spanderte både ei heilside og ein 5'ar i laurdagens papirutgåve.

Det var fem spente aktørar som entra scena i Ålesund fredag, men allereie frå første innslag var publikum med på notane og løfta revyen fram med høglytt latter og spontan applaus. Omlag 200 hadde funne vegen til premieren, og ut frå stemninga i salen og tilbakemeldingane i etterkant var det få av desse som angra på disponeringa av fredagskvelden.

Endå fire show skal spelast dei komande to helgane.

Les anmeldelsen her:Anmeldelse Sunnmørsposten

Les førehandsomtalen frå Sunnmørsposten torsdag.

(Sist oppdatert 12.august 2008, 10:27)

Gå til nyhendearkiv

Generalsponsorar: sponsor 2012 Thor Tenden Transport
Publisering: (dagenDin)
Gaman Underholdning AS | Gate 3 nr 26 | 6700 MÅLØY | Tlf.: 90581478 | post@gaman.no
.