.

Nyhende

Klar for premiere Ålesund!

I kveld er klart for premiere på sommarrevyen SommarGale i Ålesund på Teaterfabrikken. Revygjengen er klare, servitørane er klare og madammen sjølv Astrid Overaa gledar seg til premiera og over det gode førehandssalet.

Aktører Stryn 2008 - Det gode førehandsalet er veldig gledeleg og viser at Sommarevykonseptet er noko som har gått rett heim hjå publikum også i Ålesund. Årets show har fått særs gode kritikkar og med eit førehandssal som nesten er 20 gangar betre enn i fjor, så gledar vi oss sjølvsagt til premiera, seier dagleg leiar Inge Matias Tvinnereim.

Astrid Overaa på Teaterfabrikken er ikkje i tvil om at den SommerGale- gjengen kjem til å slå an hos det ålesundske publikum også i år. –Revy og allsong er ein knallbra kombinasjon. Og folka frå Stryn er kjempeflinke seier ho til Sunnmørsposten


Premiera opplever du kl 21.00 på Teaterfabrikken. Billetter bestiller du på 70 10 04 10
(Sist oppdatert 08.august 2008, 01:08)

Gå til nyhendearkiv

Generalsponsorar: sponsor 2012 Thor Tenden Transport
Publisering: (dagenDin)
Gaman Underholdning AS | Gate 3 nr 26 | 6700 MÅLØY | Tlf.: 90581478 | post@gaman.no
.