.

Nyhende

Teaterfabrikken klare til å ta i mot sommarrevyen

Komande fredag er det premiere på sommarrevyen i Ålesund. Den populære Teaterfabrikken er Gaman sin samarbeidspart i Ålebyen og dei ser fram til lått og løje dei komande tre helgane.



Teaterfabrikken inngang

- Då vi besøkte Ålesund med sommarrevyen for første gong i fjor, merka vi på publikum at dette var noko dei sette stor pris på. Den representerte noko nytt og var eit friskt pust for sunnmøringane, seier humoristisk leiar i Gaman, Roy Aron Myklebust. Sjølv om det starta forsiktig og med beskjedne besøkstal dei første førestillingane, så "tok det av" etterkvart som jungeltelegrafen gjekk, og revyen kunne avslutte debutsesongen med fullsett telt.

- I år håpar vi på fulle telt frå første helg, og førehandssalet teiknar godt; omlag 400 har sikra seg billettar. Og for å setje det i perspektiv var det tilsvarande førehandssalet på berre 40 i fjor, ler Myklebust.

-Førehandssalet er ein ting, like viktig er interessa, seier Synnøve som er bestyrer på Teaterfabrikken - Vi merkar stor interesse for det som skal skje dei komande helgane. Det ringer stadig firma og privatpersonar som ønskjer å vite meir om kva dette er og kva dagar som har ledig. Dessutan har vi alle dei som var i teltet i fjor. Eg tippar ca 70 % av desse vil vi sjå att i år, og dei igjen satsar vi på dreg med seg nye fjes, seier ein optimistisk bestyrer på Ålesund sin populære underholdningsrestaurant.

Sommarrevyen i Ålesund har premiere fredag 8.august kl 21.00 og vert spela kvar fredag og laurdag til 23.august.

Billettar tingar ein direkte hos Teaterfabrikken, telefon 70 10 04 10.
Gode tilbod på overnatting får du hos vårt revyhotell, Rica Hotel Scandinavie: Telefon 70 15 78 00














(Sist oppdatert 03.august 2008, 14:34)

Gå til nyhendearkiv

Generalsponsorar: sponsor 2012 Thor Tenden Transport
Publisering: (dagenDin)
Gaman Underholdning AS | Gate 3 nr 26 | 6700 MÅLØY | Tlf.: 90581478 | post@gaman.no
.