.

Nyhende

Gledar seg til Ålesund

Han er eldstemann i gjengen og er den som har stått mest på scena av trioen i Gaman. Likevel kriblar det godt når Torstein Tvinnereim tenkjer på det som ventar i Ålesund om drøye to veker. Men no er det ferie som gjeld.
Torstein i båt
- Eg trur vi gjorde eit godt inntrykk då vi besøkte Ålesund for første gong i fjor. Tilbakemeldingane har i alle fall vore veldig gode, og billettsalet lovar også godt, seier Torstein. -Showet vi kjem med i år skal heller ikkje stå noko tilbake for det vi hadde med oss i fjor -tvert i mot.

Torstein er for tida i feriemodus og slappar av etter vel endt sommarrevyperiode i Stryn. No handlar det om å kople av og lade batteri til tre intense men morosame helgar i august. - Vi elskar jo å stå på scena og få folk til å le, og det er vel kanskje nettopp denne spelegleda og entusiasmen som skapar den gode stemininga i teltet. Vi garanterar stor stemning og skikkeleg trøkk frå første tone, avsluttar Torstein

Sommarshowa vert spelt i stort partytelt i bakgården til Teaterfabrikken. Premieren er 8.august og vert spelt fredagar og laurdagar t.o.m. 23.august.

Billettar kan tingast direkte hos Teaterfabrikken: Telefon 70 10 04 10.
Gode tilbod på overnatting får du hos vårt revyhotell, Rica Hotel Scandinavie: Telefon 70 15 78 00
(Sist oppdatert 22.juli 2008, 11:16)

Gå til nyhendearkiv

Generalsponsorar: sponsor 2012 Thor Tenden Transport
Publisering: (dagenDin)
Gaman Underholdning AS | Gate 3 nr 26 | 6700 MÅLØY | Tlf.: 90581478 | post@gaman.no
.