.

Nyhende

Neste stopp er Ålesund

Årets sommarrevy i Stryn er over. Med fullstappa telt og stor stemning vart det ei verdig avslutning laurdag 12. juli. Etter ein liten sommarferie er Ålesund neste stopp med premiere 8. august.
Aktører Stryn 2008 - Vi er strålande fornøgde med årets produkt i Stryn. Veldig mange meiner årets revy er den beste til no i sommarrevyhistoria. At vi greier å fornye oss og levere den beste revyen på sjette året er vi sjølvsagt veldig stolte av og glade for. Petter Aagaard og heile revybandet gjer også ein kjempejobb på allsongen, og eg kan med handa på hjarte sei at dei servera publikum eit forrykande show! smiler Inge Matias Tvinnereim.

- Vi skal heller ikkje gløyme alle som bidreg til at heile pakken bllir veldig bra. Linda Mahala Mathiassen har slått godt an i Stryn og Arild Bø har gjort ein kjempejobb på regien! Elles har sjølvsagt Holkjen gjort jobben sin og Torstein og Roy leverar særs gode produkt påpeikar Tvinnereim.

- No skal vi ha ein liten pust i bakken før vi tek turen til Ålesund og Teaterfabrikken. Det var kjempestemning der oppe i fjor og vi gleda oss veldig til ein ny sesong der oppe avsluttar Tvinnereim.

Les meir om sommarrevyen i Ålesund

SommarGale 2008

Billedgalleri frå sommarrevyane
(Sist oppdatert 14.juli 2008, 15:33)

Gå til nyhendearkiv

Generalsponsorar: sponsor 2012 Thor Tenden Transport
Publisering: (dagenDin)
Gaman Underholdning AS | Gate 3 nr 26 | 6700 MÅLØY | Tlf.: 90581478 | post@gaman.no
.