.

Nyhende

Glitrande premiere!

Premiera på årets sommarrevy gjekk strålande. Publikum, aktørar og presse er strålande fornøgde med årets show. Mange meiner årets revy er den beste så langt i sommarrevyhistoria. Noko vi sjølvsagt er glade for å høyre!
Vår eminente regissør Arild Bøe har jobba døgnet rundt sista veka og resultatet av jobben var ståande jubel og latterbrøl frå eit feststemt publikum i teltet.

Årets innleigde artistar gjekk rett heim hjå publikum. Noregs nye stand up prinsesse Linda Mahala Mathiassen og energibomba Petter Aagaard gav alt i teltet og hausta stor applaus. Saman med eit glimrande orkester og ein dyktig lymann vart det ein kjempestart for oss i Gaman på laurdag.


 © Harald Vartdal


Gode pressekritikkar
"Sommarrevy tettpakka med høgdepunkt" er Fjordingen si overskrift i måndagens avis. NRK Sogn og Fjordane sin kulturanmeldar Hans Jakob Reite skriv mellom anna dette om årets SommarGale Stryn: ....Strynerevyen med eitt blad Myklebust og to blad Tvinnereim i spiss showa frekt, og eit plastbegersvingande publikum fekk det dei venta. Og det lokale publikumet tok godt imot. Sterke på song og typespel. Særs gode skodespelar-presasjonar og flott revy-band og glimrande lyd.....

Vi ynskjer publikum hjarteleg velkomne til neste førestilling!!

Sjå billedgalleri frå premiera
(Sist oppdatert 16.juni 2008, 15:12)

Gå til nyhendearkiv

Generalsponsorar: sponsor 2012 Thor Tenden Transport
Publisering: (dagenDin)
Gaman Underholdning AS | Gate 3 nr 26 | 6700 MÅLØY | Tlf.: 90581478 | post@gaman.no
.