.

Nyhende

I full sving

- Dette trur eg blir ein kjemperevy, er Linda Mahala Mathiassen si oppsummering etter to intense øvingsdager med revygjengen.
Laurdag er det premiere på SommarGale Stryn- fryd & Gaman, men før den tid gjenstår atskillege timar med øving og terping.
Også instruktør Arild Bøe var optimist då øvingsdag to var tilbakelagt -Eg er imponert over øvinsdisiplinen til aktørane, og føler meg trygg på at dette vert ein god revy, seier Bøe. Fleire av innslaga er byrja å ta form og med ytterlegare tre øvingsdagar lovar han at alle brikker skal ha falle på plass.

Inge Matias frå arrangøren kan også røpe at årets revy vil få ei litt anna innpakking enn tidlegare revyar og at han er sikker på at dette er noko publikum vil setje pris på- Meir samspel og endå meir vekt på tekst og framføring er ting Arild drillar oss på fram mot premieren, fortel Inge Matias.
Det vert rapportert om godt førehandsal, men framleis er det bra med plassar til førestillinga laurdag.
(Sist oppdatert 10.juni 2008, 23:20)

Gå til nyhendearkiv

Generalsponsorar: sponsor 2012 Thor Tenden Transport
Publisering: (dagenDin)
Gaman Underholdning AS | Gate 3 nr 26 | 6700 MÅLØY | Tlf.: 90581478 | post@gaman.no
.