.

Nyhende

Sommarrevyen profesjonaliserar seg

Arild Bøe henta inn som intruktør

Fram til no har aktørane i sommarrevyen i Stryn vore meir eller mindre sjølvinstruerte. Men med ambisjonar om å utvikle både seg sjølve og revyen, har dei i år henta inn profesjonell hjelp på området. Dei måtte heilt til Oslo for å finne den rette –og den dei fann var ein stryning!
Det er skodespelaren, instruktøren og altså stryningen Arild Bøe som skal vere den kritiske men konstruktive stemma frå salen når øvingsveka tek til. – Målet i øvingsveka er å hente ut det beste i kvar tekst, og då trur vi det er eit godt val å alliere seg med ein kapasitet som Arild, seier humoristisk leiar i Gaman, Roy Aron Myklebust. Han ser sjølv fram til å få jobbe med Bøe, og har stor tru på at ved hjelp av hans trena auger og øyrer kan ein løfte innslaga fleire hakk –og det trass den dårlege tida fram mot premieren 14.juni.

-Det seier seg sjølv at på grunn av den knappe tida er det grenser for kor grundig inn i materien ein kan gå. Vi forventar ikkje at han skal lage gull ut av gråstein heller, så mykje fell naturleg nok på det tekstgrunnlaget vi har arbeidd fram. Det blir nok også spesielt for Arild å jobbe mot ein så kort tidsfrist. Men det er ofte små grep som skal til; bevegelsar på scena, timing og mindre justeringa av tekstane for å få fram poenga, seier ein entusiastisk Myklebust.



Røynd regissør

Sjølv om Bøe er frå Stryn er det kanskje likevel ein del som ikkje kjenner så godt skodespelaren og instruktøren som hadde sin debut på Det Norske Teater i 1979. Den gongen var han 27 år gammal og student ved teaterskulen. Etter ferdig utdanning fekk han jobb ved Sogn og Fjordane teater, og her vart han i ni år og arbeidde som skodespelar. Men på slutten av 80-talet tvinga instruktøren seg fram, og sidan den tid har han bidrege inn mot fleire store oppsetjingar. Mellom anna Noraprisen på Smuget, som må seiast å vere gjennombrotsførestillinga til suksessduoen Asbjørnsen og Joh.

Bøe har også stadig oppdrag som skodespelar og er fast innslag i Kardemommeby sommarane. I ein 20 års periode, fram til 2004, spela han også ei sentral rolle i Kinnaspelet. Han har elles figurert i Hotell Cæsar, og hadde kanskje framleis gjort det om han sjølv ønska, men takka høfleg nei til vidare engasjement. Som skodespelar har han medverka for Kildeteatret, Hordateatret og Riksteatret

Sommarrevyen ”SommarGale Stryn –fryd og gaman” har premiere i revyteltet ved Stryn Hotel laurdag 14.juni. Revyen som er den 6. i rekkja har til no samla ca 10 000 publikummarar.
(Sist oppdatert 26.mai 2008, 12:45)

Gå til nyhendearkiv

Generalsponsorar: sponsor 2012 Thor Tenden Transport
Publisering: (dagenDin)
Gaman Underholdning AS | Gate 3 nr 26 | 6700 MÅLØY | Tlf.: 90581478 | post@gaman.no
.