.

Nyhende

Gode kritikkar for låvearrangement

Fredag hadde vi premiere på Dei nære ting - og der omkring. Publikum kosa seg og aviskritikkane var gode. Førstkomande onsdag, 7.mai er det klart for ny førestilling.

Publikummet sette stor pris på Solveig Rand si flotte stemme og flotte musikalske tonar frå Jan Nygård, Ketil Rasmussen og Bjarte Sætre. Våre eigne Inge Matias og Torstein gjorde seg heller ikkje vekk på låven.

Torstein sydde saman programmet med ein varm og god penn. Gjennom vitsar, historiar og dikt gav han programmet dybde og meining mellom mange kjende og kjære sangar. Gaman fann også plass til sine eigne viser som Jon Are Steen har sett tone til.

Både Fjordingen og Sunnmørsposten var på plass fredagskvelden, og dette er noko av det dei skriv i sine reportasjar:

Fjordingen:
" Dei som møtte fram storkosa seg over variert underhaldning. Torstein ynskte velkomen til ein god time med latter og glede, til mimring og ettertanke. Slik skulle det også bli"
"Det skulle vore langt fleire slike koslege miljøkveldar"

Les meir om Dei nære ting

Sunnmørsposten:
" Mimra til ettertanke"
" Med litt humor, men mest alvor skildrar Stryn Underhaldning dei store tema i livet på ein god måte"
(Sist oppdatert 06.mai 2008, 15:51)

Gå til nyhendearkiv

Generalsponsorar: sponsor 2012 Thor Tenden Transport
Publisering: (dagenDin)
Gaman Underholdning AS | Gate 3 nr 26 | 6700 MÅLØY | Tlf.: 90581478 | post@gaman.no
.