.

Nyhende

Latter og alvor i låven

Fredag 2.mai og onsdag 7.mai kan folk gå på kulturoppleving i ein låve midt i Stryn sentrum. I låven til Birgit og Jens Tonning rett nord for Strynehallen set Stryn Underhaldning opp programmet ”Dei nære ting – og der omkring”.
- Dette er ikkje ein Sommarrevy i miniatyr. Programmet passar for alle som er gla i tekst og musikk. Vi håpar vi kan gje folk ein hyggeleg stund der dei kan både få le og mimre. Ein del til ettertanke vil det også bli, seier Torstein Tvinnereim .

Det blir mykje song og musikk. Ein del som vi har skrive sjølv og ein del kjent og kjært. Litt dikt og ein god porsjon humor vil det også bli.
I tillegg til Torstein er Inge Matias Tvinnereim og Solveig Rand med som aktørar.

Glas, trekkspel og kontrabass

Jan Nygård, Ketil Rasmussen og Bjarte Sætre utgjer bandet. - Med desse tre har vi det meste vi treng av instrument. Jan kjem til å spele mest gitar og kontrabass medan Ketil vil vere mest på trekkspel. Bjarte Sætre er med på glas og panfløyte. Eit veldig spanande orkester til ei slik førestilling!

Målgruppe?

- Det passar for alle vaksne. Dette er noko eg sjølv godt kunne tenkt og gått på, eg er sikker på at dei som er godt opp i åra vil finne veldig mykje å glede seg over. Meininga er at folk skal kose seg ein halvannan time. Ta på litt godt med kle, ta gjerne med ein termos med kaffi og noko godt å bite i. Dette skal bli to fine kveldar i låven, lovar Tvinnereim.

Sjå plakat for meir info
(Sist oppdatert 22.april 2008, 17:19)

Gå til nyhendearkiv

Generalsponsorar: sponsor 2012 Thor Tenden Transport
Publisering: (dagenDin)
Gaman Underholdning AS | Gate 3 nr 26 | 6700 MÅLØY | Tlf.: 90581478 | post@gaman.no
.