.

Nyhende

Torstein og Camilla kursar unge

Fredag og laurdag skal Torstein og Camilla halde kurs for 4H arar på Vassenden. Torstein skal hjelpe dei håpefulle i alt frå å lage underhaldningsinnslag til å framføre dei på scena, medan Camilla skal ha teatersminkekurs.

Torstein Tvinnereim © Tor Yttri - Eg var med på dette for nokre år sidan og. Det er spanande å få unge til å bryte litt kreative grenser. Målet er at dei som er med på kurset skal reise heim til 4H klubbane med gode idear og større kunnskap og mot til å prøve ut ideane sine, seier Torstein.
- Camilla er nok ei av dei aller dyktigaste på sminkefronten i fylket. Eg er difor heilt sikker på at dei som skal vere med på sminkekurset vil lære veldig mykje dei kan ha nytte av når dei kjem heim og skal hjelpe til i ulike teateroppsetningar og liknande.
(Sist oppdatert 09.april 2008, 15:15)

Gå til nyhendearkiv

Generalsponsorar: sponsor 2012 Thor Tenden Transport
Publisering: (dagenDin)
Gaman Underholdning AS | Gate 3 nr 26 | 6700 MÅLØY | Tlf.: 90581478 | post@gaman.no
.