.

Nyhende

Vi jobbar med reiseliv i Vågsøy

Vi prøvar oss på nye områder og eit av dei større prosjekta vi no er involvert i er reiselivssatsinga i Vågsøy.
Vår mann i Måløy, Roy Aron, er hyra inn av Måløy vekst som koordinator og pådrivar innan reiselivsnæringa i kystkommunen.
- Dette er veldig spennande. Nordfjord er eit populært reisemål for både nordmenn og utlendingar, men dessverre har ikkje Vågsøy klart å tiltrekkje seg turistane i så stor grad som eksempelvis Stryn har gjort. Dette skuldast nok først og fremst ei manglande satsing på denne næringa, og gjennom ei gradvis oppbygging og organisering av reiselivet trur eg vi kan sjå tydlege resultat om ikkje så altfor mange år, seier Roy Aron.

- Vågsøy representerer noko heilt annleis samanlikna med dei andre Nordfjordkommunane, og med sin særeigne natur og det maritime miljøet er kommunen på mange måtar litt eksotisk i vår region. Kysten og det maritime er elles område som det er sagt vil oppleve stor vekst i reiselivssamanheng i framtida.

Som eit første steg på vegen har dei no etablert Forum for reiseliv i Vågsøy. Dette for å samle næringa, utveksle idear og meiningar og saman starte oppbyggjinga av det dei meiner kan verte ein spennande reiselivsdestinasjon.
(Sist oppdatert 06.mars 2008, 10:14)

Gå til nyhendearkiv

Generalsponsorar: sponsor 2012 Thor Tenden Transport
Publisering: (dagenDin)
Gaman Underholdning AS | Gate 3 nr 26 | 6700 MÅLØY | Tlf.: 90581478 | post@gaman.no
.