.

Nyhende

Spennande tider for Hilde Louise

I fjor fekk publikum oppleve Hilde Louise Asbjørnsen i revyteltet. Den prisvinnande kabaretstjerna frå Sykkylven er i desse dagar i ferd med å sluttføre sitt fjerde jazzalbum Sound Your Horn.

 © Anita Karin MyklebustEtter at siste førestilling med sommarrevyen var over i fjor har Hilde Louise turnert i USA, Asia og Europa saman med den svenske jazz/elektronia duoen Koop. Ein turne som hausta gode kritikkar verda over.

Den 5.mai kjem Hilde Louise ut med sitt nye album Sound Your Horn på sitt nystarta plateselskap Sweet Morning Records. Ei plate som er meir poporientert enn sine tidlegare utgivelsar, og for første gang skal Hilde Louise også gje ut eit par radiosinglar ho har stor tru på.

Hilde Louise har teke ei pause i frå samabreidet med kabaretkollega Lene Kongsvik Johansen i Asbjørnsen og Joh. for å dyrke musikkerlivet. Men ho har ikkje heilt lagt vekk livet på den store scena. I september skal Hilde Louise nemleg ut på turne saman med Riksteateret i ein ny stor musikalsatsing. I fire månader skal ho spele hovudrolla i den nye musikalen. Og ei hovudrolle som yppig, lekker dame med stor sjarme skulle passe Hilde Louise godt!
(Sist oppdatert 19.februar 2008, 14:25)

Gå til nyhendearkiv

Generalsponsorar: sponsor 2012 Thor Tenden Transport
Publisering: (dagenDin)
Gaman Underholdning AS | Gate 3 nr 26 | 6700 MÅLØY | Tlf.: 90581478 | post@gaman.no
.