.

Nyhende

Reinspikka galskap i Måløy!

Kom og sjå galskapen bløme hos nokre av fylket sine mest profesjonelle galningar!
Påskeaftan inviterar Stryn Underhaldning til show i Samfunshallen i Måløy, og med på laget har vi mellom andre tidlegare norgesmeister i revy, Ole Bergesen!
Stryn Underhaldning har med stort hell arrangert sommarrevyar i Stryn dei siste 5 åra, i fjor utvida ein i tillegg med spelestad i Ålesund og Sogndal.Trioen bak sommarrevyane har dessutan henta heim fleire prisar frå Vestlandsmeisterskapen i revy som er den største revyfestivalen på Vestlandet.

Og i tillegg er vi så heldige å få med oss Ole Bergesen som gjesteartist på showet! Han stiller mellom anna med eit tidlegare vinnarnummer frå Høylandet. ”Ferjedirigenten” er eit revynummer som har hausta både mykje applaus og mange prisar opp igjennom åra. Nummeret har vunne 3 prisar på Norsk Revyfestival på Høylandet, samt prisen for ”Tidenes Revynummer” i 1997. I tillegg stiller Bergesen med nokre av sine andre glansnummer.

Ta turen i Samfunnshallen laurdag 22.mars(påskeafta)!

- Høyr visa om Kaibutikken
- Sjå den prislønna "Ferjedirigenten"
- Møt den ukjende Flo
- Sjå "Oddvar Torsheim" i fri dressur

Det vert servering...

- Ta med familie og vener som er heime på besøk i påska!

Billettar kan førehandkjøpast hos Narvesen Måløy og Best i Deknepollen. Pris: kr 220,- Salg i døra: kr 260,-


ms2
(Sist oppdatert 10.mars 2008, 19:40)

Gå til nyhendearkiv

Generalsponsorar: sponsor 2012 Thor Tenden Transport
Publisering: (dagenDin)
Gaman Underholdning AS | Gate 3 nr 26 | 6700 MÅLØY | Tlf.: 90581478 | post@gaman.no
.