.

Nyhende

Hjelp oss med nytt namn!

Vi skal byte ut Stryn Underhaldning med eit nytt, fresht og meir dekkande namn. Kanskje kan du hjelpe oss?
I samband med at vi utvidar aktiviteten i selskapet med nye produkt og tenester treng vi også nytt namn. Namnet ønskjer vi skal knytast til kjernekompetansen vår som er kreativitet. I framtida skal vi i tillegg til underhaldninga også drive med prosjektleiing og idèutvikling innan kultur-og reiseliv, samt arrangementsutvikling.

Får du ånda over deg er du velkomen til å sende oss ditt bidrag. E-post adressa finn du på framsida.

Og vi kan sjølvsagt lokke med premie: Dersom bidraget vert nytta vankar det 1.000 kr og 4 billettar til premieren på sommarrevyen 14.juni.

Siste frist for innsending av forslag er 6. februar.
(Sist oppdatert 23.januar 2008, 15:03)

Gå til nyhendearkiv

Generalsponsorar: sponsor 2012 Thor Tenden Transport
Publisering: (dagenDin)
Gaman Underholdning AS | Gate 3 nr 26 | 6700 MÅLØY | Tlf.: 90581478 | post@gaman.no
.