.

Nyhende

Roy Aron på plass

Frå næringsutvikling til galskap!

Før nyttår jobba Roy Aron med næringsutvikling i kraft av jobben som dagleg leiar i Stryn Næringshage. I 2008 er det humor og galskap som i hovudsak skal fylle timeplanen. Han jobbar no for fullt for at firmaet han var med og etablerte våren 2004 skal vere meir enn berre ein hobby.
- Dette har eg verkeleg trua på. Tida er absolutt inne for å ta tak i det vi har bygd opp dei siste 4 åra i Stryn Underhaldning og løfte oss vidare til å verte ein profesjonell leverandør av underhaldnings- og arrangementtenester, seier Roy Aron. Vi har bygd oss opp gradvis både med utstyr som telt, scene og lyd, og i tillegg har vi fått mykje erfaring, viktige kontaktar og ikkje minst bygd opp solid kompetanse innan underhaldning og arrangement. I tillegg til å bli endå betre på det vi har drive med fram til no, skal vi også utvide produktspekteret. På denne måten kan vi leggje eit godt grunnlag for at dette skal bli ein fulltids arbeidsplass for fleire enn berre meg, avsluttar Roy Aron.
(Sist oppdatert 07.januar 2008, 14:21)

Gå til nyhendearkiv

Generalsponsorar: sponsor 2012 Thor Tenden Transport
Publisering: (dagenDin)
Gaman Underholdning AS | Gate 3 nr 26 | 6700 MÅLØY | Tlf.: 90581478 | post@gaman.no
.