.

Nyhende

Poetisk utviklingssjef på plass

Stryn Underhaldning satsar stort i 2008 og ynskjer no å utvikle selskapet til å bli det leiande underhaldnings- og eventselskapet i regionen. Inge Matias tok til i den nyoppretta Dagleg leiar stillinga i September. Roy Aron er inne i ei 100% stilling som Humorstisk leiar og styreleiar Torstein Tvinnereim er no på plass i ei timebasert stilling som Poetisk utviklingssjef.
Torstein Tvinnereim © Tor YttriUnderhaldning og event er nøkkelord i vår nye satsing. I 2007 dobla vi omsetninga i selskapet. Mykje på grunn av auka satsing med sommarrevy, der også Ålesund og Sogndal fekk besøk av revykonseptet. Desse stadane vil og få besøk i 2008. I tillegg var det i 2007 merkbar auke i underhaldning- og eventjobbar i regionen. Dette arbeidet skal styrkast i 2008. Roy Aron får ansvaret med å utvikle nye "humorprosjekt" og Torstein Tvinnereim vert ansvarleg for koordinering, utvikling og tilfang av tekstmateriale i dei ulike humorprosjekta.

- Tilgang på gode tekstar er naudsynt for å utvikle gode humorprosjekt. Vi skal sjølvsagt produsere mykje tekstar sjølve, men det er og viktig å knyte kontakter med etablerte og gode tekstforfattarar frå heile landet, seier Tvinnereim.
(Sist oppdatert 07.januar 2008, 13:36)

Gå til nyhendearkiv

Generalsponsorar: sponsor 2012 Thor Tenden Transport
Publisering: (dagenDin)
Gaman Underholdning AS | Gate 3 nr 26 | 6700 MÅLØY | Tlf.: 90581478 | post@gaman.no
.