.

Nyhende

Låven full av smånissar

Fjøsnisseshowet gjekk for fulle hus (eller skulle vi seie låve?)
350 små og store nissar møtte opp for å treffe fjøsnissane. Stor takk til Jens og Birgit Tonning for lån av låven!
Fjøsnissane Bjørg Jorunn Vinsrygg Steen, Christian Holko og Torstein Tvinnereim, gjorde seg klare for jul. Grautsleiva måtte finnast igjen, fugleneket kom opp og nisseguten hadde vore ute og gjort fantestykke. Alt var med andre ord som det skulle vere i ein fjøsnisseheim.

Dei små såg ut som dei storkosa seg og tilbakemeldingane etterpå var også veldig gode.

(Sist oppdatert 23.desember 2007, 12:07)

Gå til nyhendearkiv

Generalsponsorar: sponsor 2012 Thor Tenden Transport
Publisering: (dagenDin)
Gaman Underholdning AS | Gate 3 nr 26 | 6700 MÅLØY | Tlf.: 90581478 | post@gaman.no
.