.

Nyhende

Suksess i Geianger!

Inge Matias og Torstein har vore i Geiranger og underheldt Sparebanken
Møre. Tilbakemeldingane var svært gode frå dei omlag 400 som var til stades
på Fjordsenteret dei to kveldane.


- Vi prøvde eit litt nytt opplegg denne gongen. Sidan det ikkje er plass til
meir enn ca 100 stykker nokon stad på Fjordsenteret, valde vi å dele opp
førestillinga. Inge Matias hadde ei førestilling ute i foajeen, medan eg
hadde eit opplegg i kinosalen. For å få litt variasjon i
underhaldningsopplegget, laga eg eit opplegg der alt gjekk på rim frå
fyrste til siste setning. Inge Matias hausta stor applaus for sine
glansnummer i foajeen.

Halvvegs skifta publikum plass. Så køyrde vi same showet ein gong til.
Stryn underhaldning leverte dermed 8 show på 25 minutt desse to kveldane...
Dette er vel ny rekord for vår del, smiler ein godt nøgd Torstein
Tvinnereim.
(Sist oppdatert 12.november 2007, 15:24)

Gå til nyhendearkiv

Generalsponsorar: sponsor 2012 Thor Tenden Transport
Publisering: (dagenDin)
Gaman Underholdning AS | Gate 3 nr 26 | 6700 MÅLØY | Tlf.: 90581478 | post@gaman.no
.