.

Nyhende

Aktiv underhaldningshaust

Stryn Underhaldning er no godt inne i ein aktiv haust med mange spanande underhaldningsoppdrag. Den siste veka har Inge Matias og Roy Aron underheldt for Statoil og Maskinentrepenørenes landsforbund på Alexandra og på Fårikålfest i Kalvåg. Neste opppdag som ventar er festmiddagen til Aker Yards på Union Hotell i Geiranger.
Inge Matias Tvinnereim - Dette er nok eit resultat av ein god sommar og at publikum har vore fornøgde med våre mange sommarrevyshow i år, seier dagleg leiar Inge Matias Tvinnereim. Tvinnereim har det siste året merka ei stor auke i antal underhaldningsoppdrag. Også i vinter før sommarrevyen tok til stod oppdraga i kø. - Det er spesielt på Alexandra Hotel vi har merka ei stor auke, men også på møre og spesielt i Geianger har vi veldig mange oppdrag. Mange bedrifter legg sine konferansar, årsmøter og kurs til desse stadane og etterspurnaden etter litt humoristisk påfyll er aukande, avsluttar Tvinnereim.

(Sist oppdatert 30.september 2007, 15:08)

Gå til nyhendearkiv

Generalsponsorar: sponsor 2012 Thor Tenden Transport
Publisering: (dagenDin)
Gaman Underholdning AS | Gate 3 nr 26 | 6700 MÅLØY | Tlf.: 90581478 | post@gaman.no
.