.

Nyhende

- Ein einaste lang Latterfest!

Overskrifta er henta frå Jan Inge Fardal sin kommentar i torsdagens Sogn Avis. Med overskrifta "Latterfest under duk" gjev redaktøren sommarrevyen dei beste skussmål. Redaktøren gjev også ein liten peikefinger til Sogningar som ikkje tek turen til teltet.
For oss karane i Stryn Underhaldning varmar det at redaktøren nyttar ei 1/3 side på å rose sommarrevykonseptet. I sin kommentar skriv redaktøren mellom anna:

"...Eg hadde det kjempemoro i eit telt, eg som ikkje likar sirkus eingong!"

"..Sommarrevyen frå Stryn var ein einaste lang latterfest!"

"...Ole Bergesen var verdt inngangsbilletten åleine..."

"...Sogndal Fotball har skusla vekk eit kjempetalent i Inge Matais Tvinnereim.."

" ...Rasmus Mo sin same var formidabel.."

"...Det vart ein teltkveld fri for daudpunkt.."

Fardal skriv også om skuffelsar i sin kommentar og oppmodar alle sogningar om ta seg ein tur ut i helga. Eller som han skriv det med litt kvassare ordelag: " Eg oppmodar hermed regionsenterinnbyggjarar som er tunge i røvi og vansklege å be, om å ha seg ut i helga!... ... Folk bør køa opp! Me treng eit slikt tilbod i Sogndal!"

Vi takkar for rosande ord frå redaktøren og håpar slik som han at Sogndøle finn turen til hotellet. Det er framleis ledige billettar!


(Sist oppdatert 06.september 2007, 18:18)

Gå til nyhendearkiv

Generalsponsorar: sponsor 2012 Thor Tenden Transport
Publisering: (dagenDin)
Gaman Underholdning AS | Gate 3 nr 26 | 6700 MÅLØY | Tlf.: 90581478 | post@gaman.no
.