.

Nyhende

Sommarrevyen inntek Sogndal

På søndag startar forberedelsane til sommarrevyen i Sogndal med teltrigg. Utovar veka kjem også lydmann Kjell Henning Holko med sin rigg, og på slutten av veka er alle artistar med Maria Haukaas Storeng og Åge Nygård i spisen klare for prøver og premiere!

At billettsalet er godt i gang i Sogndal gledar Sommarrevyen sin dyktige trommeslager Åge Nygård. - Eg gleda meg som ein unge! gliser Åge. Åge Nygård har stor tru på at konseptet med revy og allsong vil slå til også i Sogndal. - Vi har no hatt besøk i Stryn av sogningar, og dei har i alle fall storkosa seg. Eg trur nok sogningar vil ta i mot dette opplegget med opne armar! Men som alltid er det litt ekstra spanande med nye stadar og nytt publikum avsluttar Åge Nygård.

Åge har dei seinare år hatt stor suksess som trommeslagar i Subway og på Elton John konsertar. Saman med Jon Are Steen, Håvar Blakset og Funky Town sin bassist Odd Inge Rand utgjer dei kanskje fylket sitt beste band for tida. Publikum vil garantert få oppleve musikk med trøkk når desse karane saman med Maria Haukaas Storeng dreg i gang allsongshowet!
(Sist oppdatert 25.august 2007, 17:40)

Gå til nyhendearkiv

Generalsponsorar: sponsor 2012 Thor Tenden Transport
Publisering: (dagenDin)
Gaman Underholdning AS | Gate 3 nr 26 | 6700 MÅLØY | Tlf.: 90581478 | post@gaman.no
.