.

Nyhende

Revystemning i Sogndal

Dei siste rapportane frå Sogndal tyder på at det er i ferd med å bli revystemning i bygda. Billettsalet er godt i gang og folk gler seg over at det kjem noko nytt til bygda. Det er store forventningar til premiera 31. august.
- Ideen om Sommarrevy i Sogndal har vi hatt lengje, men på grunn av jobbsituasjon har det vore vanskeleg å få til dette arrangementet før. I fjor haust hadde eg ein positiv dialog med Jørgen Christian på Sogndal Hotel og når både Rasmus og Geir Inge var positive til dette var det berre å setje i gang med planlegginga, smiler Inge Matias Tvinnereim.

Spesiell atmosfære
- Revy i seg sjølv er ikkje noko nytt, men det er kombinasjonen revy, allsong og revytelt som skapar den heilt spesielle atmosfæra. Vi har med oss eit fantastisk bra revyband som leverar skikkeleg trøkk under allsongen og gjev revyen ein flott ramme. Det at folk i tillegg får servering og sit på benkar att med langbord, gjer at folk slepp seg litt lause og vågar å ha det moro. Vi gler oss!

Norsk meister i revy
Ferjebillettøren 03 © Bengt FlatenSjølve revyen er sett saman av nokre revynummer frå årets revy i Stryn, nokre heilt nye nummer som er tilpassa Sogndal og nokre glansnummer frå tidlegare år. Med på laget i Sogndal er blant andre Ole Bergesen. Han er tidlegare Norsk Meister i revy og eitt av revynummera han viser i Sogndal er kåra til tidenes revynummer! Ole har vore med på 3 av 5 sommarrevyar i Stryn og har fått kultstatus i bygda for sine mange fantastiske revynummer.
(Sist oppdatert 21.august 2007, 13:47)

Gå til nyhendearkiv

Generalsponsorar: sponsor 2012 Thor Tenden Transport
Publisering: (dagenDin)
Gaman Underholdning AS | Gate 3 nr 26 | 6700 MÅLØY | Tlf.: 90581478 | post@gaman.no
.