.

Nyhende

Over 100 i ruskeveiret

Over 100 stk fann vegen til Randastøylen søndag. Imponerande med regn, skodde og 8 varmegrader som ramme for arrangementet. Etterpå var det berre skryt å få. Til tross for minimal hjelp frå veirgudane, vart arrangementet ein suksess.
Programmet "Sæterminner" var ei reise i ord og tonar gjennom sæterlivets gleder, utfordringar og sorger. Dette slo særs godt til i eit stappfullt små telt. (vårt flotte 6x9 meter telt vart faktisk i minste laget..) -Eit flott program, faktisk trur eg det var det likaste eg har vore på nokon gong, oppsummerte ein begeistra mann i godt voksen alder, lett hutrande etter at programmet var ferdig. Kjekt å høyre!

Klara hadde god hjelpe av svingerinner og barnebarn til serveringa. Graut, rømmeask, kaffi og kake gjekk ned på høgkant mellom dei frammøtte.

Takk til Jon Are Steen og Bjørg Jorunn Vinsrygg Steen for, som vanleg, glimrande jobb på scena!
(Sist oppdatert 19.august 2007, 21:52)

Gå til nyhendearkiv

Generalsponsorar: sponsor 2012 Thor Tenden Transport
Publisering: (dagenDin)
Gaman Underholdning AS | Gate 3 nr 26 | 6700 MÅLØY | Tlf.: 90581478 | post@gaman.no
.