.

Nyhende

Støylsdag på Randastøylen

Søndag 19.august arrangerer vi Støylsdag på Randastøylen. Vi har laga eit eige program med nokre sjølvskrivne songar og ein del kjende songar. Dette har vi sett saman i ei historie der vi tek utgongspunkt i kjærleik. Etter programdelen har ho mor, Klara, laga rømegraut og rømask. Dette kan ein få kjøpe og nyte på støylskvia.
Randastøylen kjem du til ved å køyre til krysset der ein tek opp til Aaland. Fylgjer du vegen mot Aaland ca 100 meter går det ein veg opp til høgre. Denne vegen fører deg like opp under støylen. Dei siste 300 meterane må du ta beina fatt. Vegen er bomveg og kostar 20 kroner.

Vi oppmodar dei som er spreke til beins å parkere noko lenger nede. På den måten er vi sikre på at alle som verkeleg treng å køyre heilt oppunder støylen får plass. Det er 3 kilometer å gå frå skulen. Ein annan stad det kan vere aktuelt å parkere er når de kjem opp til lysløypa. Frå der denne ikkje fylgjer vegen lenger til støylen er det ca 1.5 km å gå.

Programmet startar kl 1500 og varer ein god time.
Billett: kr 100. Barn under 12 år gratis.
(Sist oppdatert 13.august 2007, 23:22)

Gå til nyhendearkiv

Generalsponsorar: sponsor 2012 Thor Tenden Transport
Publisering: (dagenDin)
Gaman Underholdning AS | Gate 3 nr 26 | 6700 MÅLØY | Tlf.: 90581478 | post@gaman.no
.