.

Nyhende

Gullstrupe med hjarte for Ålesund

Jorun Erdal sitt hjarte bankar for byen Ålesund. - Både byen og artistane eg har jobba med frå Ålesund er berre heilt fantastiske, seier Jorun. Mange hugsar nok Jorun frå fjoårets Grand Prix finale der ho sang duett saman med ålesunderen Geir Rønning.
Jorun og Geir På fredag inntek Jorun scena i revyteltet ved Teaterfabrikken. Under allsongshowet vil publikum få gleda av den energiske gullstrupen frå Oppstryn. - Det skal bli deileg å kome til Ålesund og underhalde eit fantastisk folkeslag. Eg gler meg! Eg har tidlegare vore med 2 år i Stryn og 1 år på Fitjar saman med denne gjengen. Det er deileg å vite at ein kan gå på scena med dyktige artistar og musikere. Dette er noko eg verkeleg håpar folk får med seg, seier Jorun.


For dei som vil oppleve Jorun i Ålesund er Teaterfabrikken plassen! Det er førestiillingar 3, 4, 9, 10 og 11. august. Billettar bestiller du på tlf.: 70 10 04 10


Relaterte sider:
Jorun Erdal

(Sist oppdatert 31.juli 2007, 13:02)

Gå til nyhendearkiv

Generalsponsorar: sponsor 2012 Thor Tenden Transport
Publisering: (dagenDin)
Gaman Underholdning AS | Gate 3 nr 26 | 6700 MÅLØY | Tlf.: 90581478 | post@gaman.no
.