.

Nyhende

Ole er klar for Sogndal

Ein av Noregs artigaste og beste revyartister, Ole Bergesen, er klar for nok ein sommarrevy i Sogndal. Ole er norsk meister i revy, og har vore ein av landets fermste revy og standup artistar i snart 20 år.
Ferjebillettøren 03 © Bengt Flaten Ole Bergesen frå Fitjar har ei imponerande merittliste å sjå tilbake på. Han har spela revy saman med dei aller største; Linn Skåber, Øyvind Angeltveit, Ina Breidvik og Kristine Hope berre for å nemne nokre. Han fekk seg eit stort namn på 90-talet gjennom å bli norsk meister i revy og utallige revyar og stand up arrangement kring om i heile Noreg.

Dei seinare åra har han trappa ned litt turnèlivet grunna familien, men han står bak mellom anna sommarrevyen på Fitjar og har i 3 år vore med som artist på sommarrevyane i Stryn. Her har han oppnådd kultstatus på høgde med Tore Andre og Jostein Flo.

- Eg gler meg som ein unge til Sogndal. Eg hadde ei kjempeoppleving i Sogndal i fjor. Dette skal bli skikkeleg moro, lovar Ole Bergesen. Saman med blant andre Geir Inge Heggestad, Rasmus Mo, Inge Matias Tvinnereim og Petter Aagaard vil Ole gje publikum i Sogndal eit forrykande show!

(Sist oppdatert 14.juli 2008, 15:19)

Gå til nyhendearkiv

Generalsponsorar: sponsor 2012 Thor Tenden Transport
Publisering: (dagenDin)
Gaman Underholdning AS | Gate 3 nr 26 | 6700 MÅLØY | Tlf.: 90581478 | post@gaman.no
.